Skip to content
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Foredrag: Sanning under press

29. januar 2026 @ 11:00 - 12:45

Foredrag ved filosof Arne Johan Vetlesen 

“Sandheden – Sandheden, om den saa skal føre til Helvede” er eit kjent sitat fra Arne Garborg. Både Garborg og andre norske forfattarar heldt det som et ideal “å vera i sanning”. Men kva ville det seia?

Og kva tyder sanning i 2026? Finst det ein standard, eit sett kriterium, som alle er einige om?

Eller har sanning gått frå å vera noko objektivt til noko subjektivt, der følelsane har forrang og der ulike grupper held seg med sine eigne sanningar? Viss sanning som noko einskapleg og forpliktande for alle ikkje lenger finst eller kan etablerast, er dette positivt eller negativt, frigjerande eller bekymringsfullt?

Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo. Han arbeider særleg med etikk, politisk teori og miljøfilosofi, er ein aktiv samfunnsdebattant og har gitt ut tretti bøker, blant anna “Hva er etikk?” (2007), “Studier i ondskap” (2014), “Smerte i vår tid” (2020) og “Etikk i klimakrisens tid” (2022, m/J.O. Henriksen), samt fleire monografiar på engelsk om natur- og miljøfilosofi.

Arrangør: Jæren Senioruniversitet i samarbeid med Garborgdagar

 

NB! Berre billettsal i døra.

Pris: 100/medl. Senioruniversitetet gratis

Foto: Universitetet i Oslo)

Detaljar

  • Dato 29. januar 2026
  • Tid:
    11:00 - 12:45

Stad

  • Garborgsenteret/Time bibliotek
Scroll To Top