- Dette arrangementet er ferdig.
Garborgs ungdommar
25. november @ 12:00 - 13:00
Foredrag ved Inga H. Undheim.
Ungdommen er overalt i skjønnlitteraturen. Likevel blir dei sjeldan vørde som nettopp ungdommar. Slik er det også i Arne Garborg sin forfattarskap. Med Daniel Braut i Bondestudentar og Veslemøy i Haugtussa skapte Garborg skjønnlitterære ungdommar som framleis trer fram for lesaren på uvanleg skarpt og vart vis. Likevel blir dei, som ungdommar, ofte lesne som to utskot. I dette foredraget set Inga H. Undheim søkelys på Garborgs ungdommar, som ikkje berre blir verdsette som dei unge menneska dei er, men også blir sette i samanheng og dialog med andre kjende ungdomsmotiv i norsk skjønnlitteratur.
Inga H. Undheim er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, der ho underviser i norsk og nordisk litteratur på lærarutdanninga. Som forskar er ho mellom anna oppteken av ungdommens rolle i skjønnlitteratur, og betydninga av å anerkjenne ungdomsmotivet for å nå ungdommen som lesarar. I 2024 var Undheim redaktør og bidragsytar i antologien «Saftrike slyngelalderskikkelser. Ungdom i skandinavisk litteratur.»
NB! Etter foredraget vil Inga H. Undheim samtale med Ingrid Z. Aanestad kl. 13:00 om romanen “Ida i Italia” (2024). Det er mogleg å kjøpa billett til begge arrangementa til rabattert pris (vel kombibillett).
Foto: Adrian B. Søgnen/HVL
Pris kr 200. Kjøp billett her